Suksess for Vestlandspremieren!
Postet av Norges Orienteringsforbund den 20. Apr 2026
Startet sesongen med 3 dager med løp!

Over: Frå starten i A-løypene laurdag i regi av Sveio O-lag.
Under: Løparane kunne ta seg tid til kaffi og drøs i godveret i Auklandshamn etter løpet laurdag.

Thomas Førde tekst og foto
Vestlandspremieren med løp tre dagar på rad blei særs vellukka også denne våren. Meir enn 500 startar blei gjennomført. Vel hundre deltok fredag i regi av Fitjar Il og rundt 200 deltok både lørdag og søndag.
Sveio Orienteringslag arrangert løp dag 2 med mellomdistanse i Auklandshamn. Samlingsplass og mål var lagt til idylliske Auklandshamn skule. Kartet var blei resynfart i 2025 av Ørjan Ravndal i Skogsopplevelser.
Thomas Førde hadde laga åtte løyper med Kjetil Fiskå som kontrollør og teknisk, delegert.
Gledeleg var det med stor oppslutnad blant nybegynnarane ved sesongstart og i dei yngste klassane elles. 13 unge rekruttar starta i N-open. Like mange fullførte Småtroll-løypa.
Søndag arrangerte Stord IL langdistanseorientering i Fitjar.
Løype H17:


Aud Hognestad Taksdal frå Ganddal IL blei vinnar i klasse D17 laurdag.

Rune Nygaard frå IL Gular blei nummer to i klasse H17, lørdag, berre slått av Jon Duncan frå Sandnes IL.

Madli Hjermann frå Haugesund IL på veg mot siste post laurdag.

Emily Almaas frå Stord IL får lest av brikka si ved målpassering laurdag. Johannes S. Førde frå arrangørklubben Sveio O-lag tar imot.

Sondre Frøland Førde i klasse N-open er spent på om alle postar er blitt registrert.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Norges Orienteringsforbund
Digitalt kurs i løypetegning OCAD
21.04.2026
Sunn idrett konferansen 2026!
20.04.2026